Dalsøren Camping og hytter ved Sognefjorden

Dalsøren Camping og hytter ligger ved Lusterfjorden i Sogn og Fjordane, i eit av dei mest naturskjønne område i Norge, ein fin helgetur frå Bergen og Ålesund. Vi har over 500 meter med standlinje langs Lusterfjorden der du kan bade eller fiske frå brygga vår. I tillegg har vi ein park av ein campingplass med pryd trær, rosebusker og blomster i mange ulike variantar.  Vi har god plass her slipper du å sitte på fanget til naboen når du er på tur med campingvogn eller bobil. 
"Er det ikkje fint her" det sa alltid far min til alle turistar, han elska plassen, området og utsiken. Han hadde interesse for blomter, planter og prydbusker. Det er i dag ein sentral del av campingplassen som me vidarefører. Han døde desverre i mars 2018. NRK var på besøk til han i August 2014 

Vi har steinovnsbakeri like ved plassen, der kan du få kjøpt unikt bakverk, pizza, god kaffe og mange andre gode bakevarer frå klokka 0700 om morgon. Du kan også bestille og få levert bakevarer direkte til bubil/campingvogn/hytte om du ikkje vil hente sjølv (300 meter å gå) Det er også 2 daglevgvare butikkar like ved campingplassen.

Det er ikkje nødvendig å reservere plass til bobil eller telt. Hytter bør du reservere for å sikre deg plass. 
Sognefjorden er kåra til eit av verdas beste reisemål av National Geographic. Nærøyfjorden og Urnes stavkyrkje står på Unesco si liste. 

Hyttene våre har fullt utstyrt kjøkkenkrok med kjøleskap og komfyr og anna nødvendig kjøkkenutstyr. Nokre  av hyttene har eigen terrasse og / eller balkong med utsikt over Lusterfjorden og fjella rundt. Vi oppgraderer hyttene våre årleg for å oppretthalda ein god standard. Dei siste 10 åra har alle våre hytter blitt fornya på innsida. Frå Oktober 2019 startar vi på ny runde. Vi fjernar alt det gamle og bygger hyttene våre på nytt frå innsida til utsida. Vi kjøper kvalitets senger, nye stoler, nye bord, nye farger på veggene og nye gulv og ny belysning. I tillegg skifter vi ut alt av kjøkkenutstyr. Du kan sjå foto av alle hyttene våre på denne sida. Frå Oktober 2019 til Mai 2020 vil 3 nye hytter bli fornya på innsida. Mykje av arbeidet me gjer er basert på tilbakemeldingar frå kundane våre.

Frå 2019 sesongen tok vi større miljøansvar og produserer deler av strømmen vi brukar frå eigne solceller på taket på resepsjonen. Inne i resepsjonen kan du følgje med på produksjonen time for time gjennom heile dagen.

Vi har gratis internett og felles oppholdsrom med bibliotek, sittegrupper, spill og ein liten leikeplass for dei aller minste.

Vi har båter til utleige, fiske er mogleg langs heile fjorden og i nærliggande elvar.

Dei mest kjende attraksjonane i nærområda er Flåmsbana, Nærøyfjorden, Jostedalsbreen, Urnes stavkyrkje, Sognefjellsvegen, Jotunheimen nasjonalpark og Breheimen nasjonalpark. 
I tillegg ligg det mange idylliske små stader i området rundt campingen som er verdt eit besøk.
 
Vi trur og håpar at du kjem til å trivast hjå oss!

Trym, Vilma, Hanne, Kristoffer og Thomas